Tekst Øyunn Kleiva

Tekst Øyunn Kleiva

Ein kveld i juni 1997 gjekk Svein og Brynhild Tjelle ein tur i Strandkanten i Surnadal. Dei såg en sjeldan fint slipt stein i flomområde og la vegen om denne. Kanskje ville steinen gjort seg fint i hagen? Ved nærmare augesyn såg dei hogne figurar på steinen. Hadde dei kome over ei helleristning?

Nokre dagar seinare kom eg til Surnadalsøra. Lyset var ideelt. Var her ristningar, ville den låge kveldssola openberre dei. Men ristningsfigurane trengte ikke hjep av lågt modellerande lys. Klårt og tydeleg ville dei fortalt si soge under kva lystilhøve det skulle være.

Den lause ristningssteinen låg ikke der den hadde lege. Spor etter gravemaskintenner fortalde at steinen hadde hadde hamna i flommålet maskinelt. Her nede på øyra heiter det Røtet. Her er mykje stein og masse tippa. Steinen låg nedanfor ein oppbygd veg i mellom idrettsplass og bossfylling. Trass ei sprekke, ristningssteinen såg ut til å være flytta med meir flid og skånsemd enn anna stein her. Kom dette av ein maskinsjøførs blikk for ein særskilt vakker stein? Hadde han sett nokre strek på steinen han ikke heilt visste hva han skulle tru om? Kvar kom steinen frå? Teknisk etat i Surnadal kune ikkje gje sikkert svar. Mykje utbygningsarbeid har vore utført i Surnadal dei siste tiåra, ikke minst på Skei - og mykje masse har vore tippa nede på øyra. Vona vår er at nokon som var med på fyrste flyttinga såg eitkvart og kan fortelje oss kvar steinen kom ifrå. Å vite kvar steinen kjem frå vil auke kunnskapen om steinen og om steinalder i Surnadal.

Steinen er slipt i si noverande form som laus stein av is eller vatn. Han måler omlag 1,85 x 0,85 m. Bergarten er heller mørk Han er finkorna og tett, men har ei svak lagdeling Bergarten har innfellingar av anna mineral. I overflata har desse krystallane vitra ut, og gir små firkanta hol, 1-4 mm i tverrmål.

På ristningssteinen finn vi grovt rekna fem figurar fordelt på to flater. På den store boga flata som ligg opp , finn vi tre figurar. Dei kan alle seie å vær menneskeliknande. På sida finn vi to andre figurar. Den eine er det vi kallar ein rammefigur og den andre er ei samling av meir eller mindre udefinerte strek , kanskje menneskeliknande. Alle figurane er prikkhogne. Linene er blitt til av mange små prikkar, ein for kvar gong det er hogge. Linjeføringa er røff og uvørend og samstundes svært sikker. Breidda på linane varierer. Hoggekanten er ujamn, danna av dei tydelege prikkhoggningsspora. Breiddevariasjonen understrekar enkelte liner og gir saman med stilsikker utføring, figurane eit livfullt utrykk.

«SURNADALSMANNEN»
Den fyrste figuren er kanskje den som mest direkte talar til oss; med klare menneskeliknande trekk strekker den hender og føter ut - tilnærma symetrisk og ei enkel kroppsline. Figuren er omlag 30 cm lang omlag like brei frå tåspiss til tåspiss. Breidda på linene varierer mellom 0,5-1,5 cm. «Surnadalsmannen» har eg kalla figuren. Men eg vil minne om at kjønn ikke dermed er gitt.

Figuren kan lesast på to vis, alt etter kva reknar som opp og ned. Denne vegen såg eg figuren fyrst: med bøyde alboge- og kneledd understreka gjennom ei brei lineføring, med tre fingre på kvar hånd og tre tær på kvar fot overdimensjonert i forhold til resten av kroppen, kjem figuren oss i møte, som i eit byks. Dette er ein samla optisk effekt av fleire visuelle verkemiddel. Sett denne vegen har figuren då ei ekstra line som markerer bryst(kasse). Armane er strekt over hovudet som i ei klassisk adorant eller tilbedningsrørsle. Frø ei rundt hovud på ein hals går kroppslina nedover og endar i ei kjønnsmarkering som ein strek, - ein mann?

Ein annan arkeolog, Kalle Sognnes, såg figuren motsatt veg. Då står figuren roleg, med hendene meir eller mindre rett ut. Då er det hoftepartiet som er markert med ei ekstra line. Kjønnsmarkeringa vert en sirkel, - ei kvinne? Hovudet vert ein strek.

MENNESKE OG DYR I SAME SKIKKELSE?
Langt meir enn spørsmålet om kva som er opp og kva som er ned, facinerer nett det at figuren kan lesast på fleire vis. Med det meir eller mindre tvetydige har mang ein arkeolog som har arbeid med ristningar kava, - når ein på vitskapleg vis har skulla sortert og klassifisert figurar. Vitskapen søker klare eintydige analytiske einingar og nemningar, der sjølve råstoffet, ristiningane, nettopp spelar på kulturens mange strenger.

Menneskeliknande, har eg kalla figurane. Men er den berre menneskeliknande? Bergkunsten er sjeldan reint naturalistisk. Sjølv den såkalla naturalistiske bergkunsten har sine avgrensingar som naturtro gjengjeving. Mennesket i veidekusten er ofte avbilda, som var det laga meir av bein og mindre av kjøt og flesk enn dyra som er avbilda. Ei beingrind kunne renne ein i tankane når ein ser figuren. På enkelte helleristningar er ein sjeldan gang også hjortedyr hogne symmetrisk om rygglina. Men kvifor har Surnadalsmannen slike overdimensjonerte tær/fingrar, og kvifor er dei tredelte? Har desse parallellar i dyreframstillingar i veidekunsten andre stader? Klauvane på hjortedyra er markert på bileta i enkelte periodar av veidekunsten. Men to eller firedelt synes desse å vere. Det er noko meir fugleaktig over Surnadalsmannen. Er det klør? Likskap på nokre punkt, ulikskap på andre: biletristningar rommar ei heil verd av tvetydige assosiasjonar. Nett dette - assosiasjonar på tvers av kulturens skille mellom menneske og dyr, er noko som kan gi oss eit lite glimt inn i ein gløymd og gøymd kultur. Frå andre stader i verda kjenner vi samfunn som gjer enkelte av dyra rundt seg, også dyr ein har jakta på, til sterke religiøse symbol eller bilete på sin eigen kultur. Desse kallar vi totemdyr. Vi veit at mange samfunn har hatt rituale som har ført enkelte medlemmer inn i sinnstilstandar utanom det vanlege, inn i ein transe. I transen går ein då inn under hamen til totemdyret. Både frå samisk og norrøn kultur kjenner vi til ideen om reiser i sinnet i fugleham. Ordet hugse (av hugsjå) er eit minne i språket vårt om dette sinnets evne til å sjå lenger enn synet rekk. Kan Surnadalsmannen vere eit bilete av ei slik sinnets reise?

Alle folk har sitt eige kulturelt betinga tankesett. Vi ser på verda med «briller» forma av vår kultur. Ristningane er laga av eit anna folk enn oss. Frå folkeslag andre stadar i verda som framleis eller inntil nyleg har laga bilete i berg, veit vi at bergbileta samlar og stadfestar, gjenskaper og pregar sentrale forestillingar i myter, tru, rituale og liv. Til dette er bilete eit godt eigna medie, gjennom si evne til å spele på likskap og skilnad, både stilstisk og assosiasjonsmessig. Og trass vår frykt for at ristningane våre skal vitre bort frå oss - det som er «skrive i stein» det stend fast.

Dei næraste parallellane tilSurnadalsmannen finn vi i Ausevik i Flora kommune. Mellom dei mange hjortedyra som er avbilda der, finn vi også enkelte menneskefigurar. Eva Walderhaug, som nyleg har arbeidd med Ausevik-ristningane, deler menneskefigurane der inn i fleire grupper. Dei figurane som står nærast Surnadalsmannen er å finne i den gruppa ho kallar «sjamanfigurer». Nemninga er ikke meint å konkludere med at her er ein sjaman avbilda. Ein sjaman er ein andeleg leiar i eit samfunn. Nemninga får oss likevel inn på rett spor av di den minner oss på, slik vi har vore inne på før, at ristningane knyter seg til samfunnets rituale. Dette har vore heilage bilete. Staden steinen har stått har vore ein heilagstad for dette folket.

MENNESKE ELLER PLANTEVERDA?
Den andre figuren på surnadalsristninga er 29,5 cm lang og ca. 15 cm breid. Frå ei lang midtline går fem par skråstilte strek ut omlag symetrisk. I eine lengderetninga ender lina i ei utdjuping. I den andre i eit av dei symmetriske strekpara - med eit par hoggespor som ei lita grop under.

Denne figuren er ein underleg skapnad, ikkje enkel å plassere klart i nokon kategori. Ein kan seie den har mennesketrekk med hender, føter og hovud kring ei kroppsline. Men då strekker ein den menneskelege anatomi noko langt, for her er det i så fall fem par armar og bein. Under nederste sett av bein er ei lita grop. Ein kan også sjå ekstrastrekane som ribbein, dvs ein figur der skjelettet er vektlagt. Figur med ribbeinsmarkering kjenner vi frå Vingen i Bremanger. Den kan også lesast som ein serie av enkle menneskefigurar knytt i hop loddrett. I veidekunsten kjenner vi døme på at menneskefigurar e lekka saman i rekker vassrett. Denne figuren er heller ikkje ulik det som på andre ristningar har vorte kalla plantemotiv, tre eller grein. Det tvetydige formmessige uttrykket er igjen vel verdt å merke seg.

RAMMEFIGUREN
Ein av figurane på den andre flata av steinen stakk så vidt opp av sanden på Røtet. Vi grov rundt og fram kom ein trekanta rammefigur, med parallelle strek som «frynser» langs to av yttersidene og med eit svakare hogge og utydeleg mønster inni. «Frynsene» er 3-7 cm lange.

ALDEREN PÅ RISTNINGA
Surnadalsristninga er ei veideristnig. Menneskefigurane er få i veidekunsten. Samfunna som laga veidekunsten har langt oftare hogge dyr, og for Møre og Romsdals del også mykje fisk og sjøpattedyr. Veideristningar er frå steinalderen. Når vi skal prøve oss på ei nærare tidfesting, lyt vi gå til større ristningsfelt som har vore hogge i over tid, og der arkeologar har utarbeidd oversikter over stilutviklinga. Eva Walderhaug har laga ei slik oversiktover Ausevik-materialet og samanhalde det med andre arbeid blant Vingenfeltet i Bremanger. Til stilutviklinga nyttar ho hjortedyra som hyppigast er avbilda. Andre figurar vert tidfest, om enn med atterhald, i tilknytning til hjortedyra. Sjamanfigurane frå Ausevik plasserar Walderhaug slik i første fase feltet er i bruk. Let vi tidfestinga av Surnadalsmannen fylgje sjamanfigurane i Ausevik, betyr dette at urnadalsmannen er hogge inn ein gong mellom 2800-2400 år f.Kr. Dette er siste del av midten av yngre steinalder.

Dette er ei tid prega av endring og av impulsar frå ulikt hald. Sjølv om veideristningane har samanhangar både sør og nordetter langs kysten - og austetter, er funnmaterialet elles ikke heilt likt. Eit døme på dette er bruken av skifer til reiskap, denne skikken er rikare nord om enn sør for stad. Skiferbruken har området til felles nord og austetter. Stundom kan handtak ende i dyrehovud. Det finst også småskulpturar. Denne tida kjem også stridsøkser frå landbrukskulturane i sør inn i funnmaterialet.

Truleg er også dei andre figurane på surnadalsristninga frå
same tidsrom som Surnadalsmannen. Egil Bakka, som meinte Ausevik og dei yngre fasane på Vingen i Bremanger var samtidige, ser eit samband mellom dei yngste ristningane i Vingen og Holtsåsristninga i Skogn i Nord-Trøndelag. Holtsåsristningane har dei rammefigurane som kanskje liknar mest på rammefiguren på Surnadalsristninga.

Den tredje figuren skil seg noko ut i ein enklare stil og treng ikkje vere heilt samtidig med dei andre figurane. Denne har Tjelle humoristisk kalla fotballspelaren. Snu teikninga og sjå sjølv. Er denne figuren eit døme på at ei ny tid har sett si preg på ristningssteinen frå yngre steinalder? Er det jordbrukssamfunnet i yngre steinalder eller bronsealder som har hogge denne figuren og såleis gjort dei mektige bergbileta til sine? Eller er det gutane som satt som sat og leika seg på steinen for nokre år tilbake som har hogge denne? Funnet av ristningssteinen skapte nemleg, då den vart kjent, mykje virak. Media hadde store problemer med å forstå at to unggutars historie om leik på steinen kunne kombinerast med at dette verkeleg var ristningar. Dette medførte at fleire fekk lyst å sette sine merke på steinen. Personleg tror jeg gutanes uskuldige hærværk har sett same type spor: overfladiske riper. Steinen kune etter kvart ikkje stå utan tilsyn. Takka vere Surnadal kommune vart steinen flytta til museet på Åsen i Surnadal. Men også her, trass inngjerding, har nye små riper kome til: «seinskader» av medias vinkling. Vona er at ristningssteinen skal få plass i tilknytning til det nye kulturbygget kommunen skal reise og at steinen såleis skal få vere i bygda vidare.

Gjenskrive av Lars Inge Harang 8 april 2013.
Takk til Svein Tjelle.

















mandag 11. mars 2013

5000 år gammel helleristning i Surnadal som logo. Trollheimen Aktiv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar